Venleik viser til utsjånad som ein set pris på. Det kan også brukast i overført tyding om noko ein ikkje nødvendigvis kan sjå.



Venleik
Drei Grazien av Lucas Cranach, frå 1530.

Om venleik endre

Opphavleg tekst:
«Beauty is only skin deep»

Informasjon
Opphav: Thomas Overbury
Opphavleg mål: Engelsk
Engelsk ordtak

År: 1613
Kontekst: Eldste bruken av utsegna kjem frå Sir Thomas Overbury i 1613:

All the carnall beauty of my wife, Is but skin deep.
Stikkord
venleik
djupne
utsjånad
hud
forgjengelegdom
«Venleik stikk ikkje djupare enn huda.»
 
Vanitas frå Physiognomische Fragmente (1775-78) av Johann Caspar Lavater


 

«Venleik stikk ikkje djupare enn huda.»   Thomas Overbury



Opphavleg tekst:

«Beauty is but a flower
Which wrinkles will devour.»


Informasjon
Opphav: Thomas Nashe

Kjelde:«Summer's Last Will and Testament» (dikt)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1600
Kontekst: linje 1588-1589.

Stikkord
venleik
blomar
aldring
rynker
forgjengelegdom

Venleik er ikkje meir enn ein blom
som rynker vil ta.

 
Stilleben med blomar frå 1603 av Roelant Savery.


 

Venleik er ikkje meir enn ein blom
som rynker vil ta.

  Thomas Nashe



Teke frå Mansfield Park på Wikisource (Kapittel 1)
Opphavleg tekst:
«But there certainly are not so many men of large fortune in the world as there are pretty women to deserve them.»

Informasjon
Opphav: Jane Austen

Kjelde:Mansfield Park (roman)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1814
Kontekst: Forteljaren si forklaring på kvifor berre ei av tre søstre klarte gjera eit "godt" ekteskap.

Stikkord
rikdom
ekteskap
venleik
«Men der er visseleg ikkje så mange menn med store formuar i verda som det finst pene kvinner som fortener dei.»


 

«Men der er visseleg ikkje så mange menn med store formuar i verda som det finst pene kvinner som fortener dei.»   Jane Austen



Opphavleg tekst:
«Desinat in piscem, mulier formosa superne.»

Informasjon

Latinsk ordtak Opphav: Horats
Kjelde:Ars poetica


Opphavleg mål: Latin
Kontekst: Noko ender ikkje så godt som det har byrja. (John Devoe Belton: A literary manual of foreign quotations, ancient and modern)
Sjå òg
Stikkord
fiskar
kvinner
byrjingar
ende
venleik
skuffingar
«Det ender i ein fisk, det som øvst er ei ven kvinne.»


 

«Det ender i ein fisk, det som øvst er ei ven kvinne.» Latinsk ordtak - Horats

Om vene ting endre

Opphavleg tekst:

«If you want a golden rule that will fit everybody, this is it: Have nothing in your houses that you do not know to be useful, or believe to be beautiful.»

Informasjon
Opphav: William Morris

Kjelde:«The Beauty of Life» (førelesing)
Hopes and Fears for Art (bok)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1880
Kontekst: Frå ei førelesing for Birmingham Society of Arts and School of Design den 19. februar 1880, seinare utgjeven i Hopes and Fears for Art: Five Lectures Delivered in Birmingham, London, and Nottingham, 1878 - 1881 (1882)

Stikkord
levereglar
innreiing
nytte
venleik
«Viss de vil ha ein gylden regel som passar alle, er det denne: Ha ingenting i husa dykkar som de ikkje veit er nyttig, eller synest er vakkert.»
 
Dronning Guinevere måla av Wiliam Morris i 1858.


 

«Viss de vil ha ein gylden regel som passar alle, er det denne: Ha ingenting i husa dykkar som de ikkje veit er nyttig, eller synest er vakkert.»   William Morris



Teke frå nb.no. Side 25 i boka.
Opphavleg tekst:
«Det eg skal kalla vakkert, det maa vera gule aakrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lider med skog. Det er vakkert aat meg, for der kan det bu folk»

Informasjon
Opphav: Andreas Austlid

Tillagt far til Austlid
Kjelde:Salt fraa folkehøgskulen (bok)

År: 1926
Kontekst: Andreas Austlid fortel frå ein samtale med faren der dei var usamde om kva som var vakkert. Han såg venleik i den ville naturen, faren såg det i den dyrka jorda. Med åra tok Austlid til seg faren sitt syn.
Sjå òg
Stikkord
venleik
åkrar
grøde
bustader
norsk landskap
bygg
erter
rug
«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.»
 
Gard i Ulheim på Dovre.


 

«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.» (Tillagt far til Austlid)  Andreas Austlid