Dr. Munks testamente

Dr. Munks testamente er oppfølgjaren til kultklassikaren Sveve over vatna skriven av Ragnar Hovland.

  • – Eg har fått meg kjerring, sa han. - Ho er så utruleg god å pule. Det er faen meg nesten ikkje til å halde ut.
Side 15, pocketutgåva.
  • – Korfor er det ikke fleire som les Dostojvskij? Han er jo faen meg den største. No snakkar eg ikkje om Shakespeare og slike helvetar som er endå større, men av slike som skriv romanar? Korfor les dei ikkje han, i staden for han fitta Hamsun?
Side 54, pocketutgåva.
  • – Og korleis kan det ha seg, sa han, – at du har så godt forhold til ordførarar?
     – Ingen problem, sa Waglen. – Eg sit i kommunestyret. For Arbeiderpartiet.
     – For Arbeiderpartiet!? sa Munk. – Det hadde eg ikkje venta.
     – Eg sit der berre for at eg skal lage eit helvete for dei, sa Waglen. – Det har dei alt skjønt. Men det er ikkje så jevvla mykje dei kan gjere med det før neste val. Eg var den representanten som fikk flest stemmer. Og så har eg litt balletak på ordførarhelveten, han er jo stadig innom her og skal leige videoar, og eg er ikkje sikker på om han vil setje pris på om eg let det sive ut ka slags kassettar han tar med seg heim.
     – Slik talar ein ekte sosialdemokratisk kommunepoliktikar, sa Munk.
Side 64, pocketutgåva.
  • – Å fy faen, sa Munk.
      – Fytti helvete, sa Waglen.
      – Fy faens skinn og bein, sa Munk.
      – Helvete faen og steike meg over langsam eld, sa Waglen.
      – Faen skalpere meg i helvete, sa Munk.
      – Sattan gjelde meg i helvete, sa Waglen.
      – Faen ...æh...griljere meg, sa eg.
       Munk og Waglen såg på meg.
      – Faen pule meg i pissholet, sa Waglen. – Med slapp kuk.
      – Det meste er vel sagt, sa eg.
      Vi gav oss til å sjå tenksamt ut av vindauget.
Side 68, pocketutgåva.
  • – Alle snakkar om fitte, men ingen gjer noko med det, sa Waglen.
Side 82, pocketutgåva.