Wikiquote:Korleis laga sitatsamling

Ein kan laga sitatsamling rundt eit tema, som tru, håp, kjærleik, ein opphavsmann, som Henrik Ibsen, årstal som 1968, eller ei skreddarsydd samling med ein snevrare definisjon, til dømes Forum Jæren, landboreformene eller kristen utøving.

Den første tekstlinja bør innehalda ei kort innleiing, til dømes ein definisjon av temaet. Deretter følgjer sitata, som du kan leggja under ei ny overskrift om du vil (t.d. overskrifta «Sitat»).

Kvart sitat blir lagt inn som ein mal, men med kolon først, slik: {{:Bli lys!}}. Teksten mellom krøllparentesane er tittelen sitatet ligg under. Dette ser du i adresselinja eller øvst på sida der sitatet er lagra.

Eit tema bør ha ein temaboks, {{tema}} . Denne viser til ein kategori der alle sitat knytt til temaet ligg, noko som kan vera nyttig om ein har mange av dei. Boksen kan også peika til ei side om emnet på Wikipedia. Ein slik peikar kjem automatisk, men for å få noko annan enn sidenamnet må ein skriva |det andre namnet inn i boksen, etter tema og før sluttparentesane. Om det ikkje finst ei slik side på Wikipedia og truleg ikkje kjem til å finnast ei, skriv strek etter tema: |-.

Ein kan også illustrera med filer (|filnamn=) og peikar til andre tema (|anna tema=[[det temaet]]).

Stader endre

For sitat om stader bruk {{stad}} . Dette gjev stor bokstav der det trengst.

Person endre

For personar som er opphav til sitat kan ein bruka malen {{opphav}} . Om sida også inneheld sitat om personen, skriv |om=ja før slutten på parentesane.

Som med tema er det også mogleg å leggja inn illustrasjon (|filnamn=). Ein kan også sortera på etternamn i kategoriar ved å skriva (|etternamn=Etternamnet).

Kategorisering endre

Ei sitatsamling bør også kategoriserast etterkvart. Finn du kategoriar som passer legg du dei inn ved å skriva [[kategori:kategorinamn]] nedst på sida. Sjå toppkategorien for eit utgangspunkt.