Fiendar
«Me kjempar mot Tyskland, Austerrike og drikk, og så vidt eg kan sjå, er den største av desse tre daudelege fiendane drikk.» David Lloyd George
Teke frå Ian Spencer Hornsey A history of beer and brewing
Opphavleg tekst:
«We are fighting Germany, Austria and Drink, and as far as I can see, the greatest of these three deadly foes is Drink.»
Informasjon
Opphav: David Lloyd George Opphavleg mål: Engelsk
År: 1915
Kontekst: Mangel på militært utstyr i første verdskrigen var ein nasjonal britisk skandale, og mange la skulda på alkoholvanane til arbeidarane som produserte materiellet. Den dåverande finansministeren Lloyd George kom med utsegna då han vitja Bangor i Wales den 28. februar 1915.
Seinare bruk
Utsegna blei raskt vidareformidla i media (som New York Times, 30. mars 1915) og i seinare samanhengar. Ho blei sitert i ein alkoholdebatt i Overhuset 10. juni 1941. Seinare er ho mykje brukt i historisk samanheng for å illustrera dåtidas alkoholsyn.
Stikkord
alkohol drikking fiendar øydelegging Austerrike |
Tyskland |
«Me kjempar mot Tyskland, Austerrike og drikk, og så vidt eg kan sjå, er den største av desse tre daudelege fiendane drikk.»