I dei siste leveåra sine saman kom diktarparet i Vinje til å bli noko av ein norsk kulturinstitusjon


Opphavleg tekst:
«I dei siste leveåra sine saman kom diktarparet i Vinje til å bli noko av ein norsk kulturinstitusjon, omgitt av ein takksam vørdnad som er mindre vanleg i vårt land. Det kom stendig ein straum av trykksaker frå Midtbø; men det var her tale om meir enn bøker og papir. Desse to menneska kom til å stå for ei heil livsholdning, som dei tydeleg åtte i lag, og som like tydeleg hadde ein bodskap til samtida. I alt dei sa og gjorde, var det noko ope, varmt og klokt som folk kjende, – noko realistisk spørjande og samstundes positivt, alvorleg og samstundes breitt tolerant, ein usekterisk radikalisme som også fekk med seg mykje av tradisjonelle verdiar, både i tanke og mål. Det var typisk at dei liksom sjølvsagt sameinte ei rotfast folkenorsk heimkjensle med det vidaste utsyn mot den store verda.»

Informasjon
Opphav: Sigmund Skard

Kjelde:Festskriftet (festskrift)
Opphavleg mål: Nynorsk

Stikkord
Halldis Moren Vesaas
Tarjei Vesaas
norsk kultur
ektepar
institusjonar
«I dei siste leveåra sine saman kom diktarparet i Vinje til å bli noko av ein norsk kulturinstitusjon»
«I dei siste leveåra sine saman kom diktarparet i Vinje til å bli noko av ein norsk kulturinstitusjon»   Sigmund Skard