«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.» Arne Garborg
Opphavleg tekst:
«Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Hus ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette Lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk og Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi skimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng som Øyar i Lyngviddi; kvar Bìte og kvar Lepp er avstengd og innlødd med Steingjerde som lange Røysir. I desse Heimane bur Folke.»
Informasjon
Opphav: Arne GarborgKjelde:Fred (roman)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1892Sjå òg
Stikkord
«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»
Frå Obrestad på Jæren. (Foto: Ruth Hetland)
Teke frå
nb.no. Side 25 i boka.
Opphavleg tekst:
«Det eg skal kalla vakkert, det maa vera gule aakrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lider med skog. Det er vakkert aat meg, for der kan det bu folk»
Informasjon
Opphav: Andreas AustlidTillagt far til Austlid
Kjelde:Salt fraa folkehøgskulen (bok)
År: 1926Kontekst: Andreas Austlid fortel frå ein samtale med faren der dei var usamde om kva som var vakkert. Han såg venleik i den ville naturen, faren såg det i den dyrka jorda. Med åra tok Austlid til seg faren sitt syn.
Sjå òg
Stikkord
«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.»
«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.» (Tillagt far til Austlid) Andreas Austlid