Arne Garborg
Arne Garborg var ein norsk naturalistisk forfattar frå Jæren.
- Alle sitat av Arne Garborg
- Arne Garborg på Nynorsk Wikipedia.
Verk
endreOpningslinjer
endre
Kjelde:«Til deg» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
År: 1895
Sitattype: Førstelinje
Jæren landskap dikting tileigningar natur |
heiar myrer heilo hegre |
Til deg, du Heid og bleike Myr
med Bukkeblad,
der Hegre stig og Heilo flyr,
eg gjev mitt Kvad.
Til deg, du Heid og bleike Myr
med Bukkeblad,
der Hegre stig og Heilo flyr,
eg gjev mitt Kvad.
Den burtkomne Faderen
Kjelde:Den burtkomne Faderen (roman)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1899
Sitattype: Førstelinje
Kontekst: Frå opninga av romanen.
søner fedre manglar likningar |
bibelsoger |
«Eg hadde levd som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var faderen borte.»
Fred
Kjelde:Fred (roman)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1892
Sitattype: Førstelinje
Kontekst: Frå opninga av romanen.
havet Nordsjøen Jæren endeløyse strender |
fridom heilskap stordom |
«Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju miler lang låg sandstrand. Det er sjølve havet. Nordhavet breitt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust.»
Opphavleg tekst:
Kjelde:Trætte Mænd (roman)
Opphavleg mål: Riksmål
År: 1891
samliv menn kvinner undergang kjærleik |
øydelegging |
«For med ei kvinne går ein mann under, og utan ei kvinne kan han ikkje leva»
«Og Gleda svell i den unge Barm;
gløymd er baade Strid og Sutir og Harm,
og Live stormar og strøymer.
Hugen leikar og Augo lær,
Elsken gløder og Hjarta slær;
det er Stundir ein aldri gløymer.»
Kjelde:«Ungdom» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
År: 1895
ungdom livet glød hjarte elsk |
Livet stormar og strøymer.
Hugen leikar og augo lær,
Elsken gløder og hjarta slær;
det er stunder ein aldri gløymer.
Livet stormar og strøymer.
Hugen leikar og augo lær,
Elsken gløder og hjarta slær;
det er stunder ein aldri gløymer.
Kjelde:«Nedveg» (dikt)
I Helheim (diktsamling)
År: 1901
sortering livet ende tap portar |
død sjølvrealisering straff |
Ut vert sigta og brende upp
her attum den myrke Port
alle som søkte i Live seg sjølve
og sumla seg sjølve burt.
Ut vert sigta og brende upp
her attum den myrke Port
alle som søkte i Live seg sjølve
og sumla seg sjølve burt.
Kjelde:Den burtkomne Faderen (roman)
IV
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1899
døden livet |
«Me priser dauden, men me elskar livet.»
Kjelde:«Om pengar» (dikt)
Delar av diktet «Om pengar» blei sitert av kong Harald i H.M. Kongens nyttårstale 2009
pengar verdiar kvalitet |
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar
Kjelde:Den burtkomne Faderen (roman)
Kapittel XII
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1899
fred uro |
«Eg fær aldri Fred. Eg er sjølv denne Uro som aldri stillnar.»
Kjelde:«Vinter-Storm» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
År: 1895
stormar bråk tankar vind lindring |
Aa lat det bure, aa lat det braka;
la Huse riste og Tufti skaka!
Lat brotne allting som brotne kann!
Det døyver Tankane litegrand.
Aa lat det bure, aa lat det braka;
la Huse riste og Tufti skaka!
Lat brotne allting som brotne kann!
Det døyver Tankane litegrand.
Opphavleg tekst:
Kjelde:Fred (roman)
Opphavleg mål: Landsmål
Jæren bustader grender steingardar hus |
norsk landskap åkrar |
«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»