Jesus
Jesus er rekna som Messias i kristendommen og ein profet i islam.
- Alle sitat av Jesus
- Alle sitat om Jesus
- Jesus på Nynorsk Wikipedia.
Sagt av Jesus
endreIfølgje evangelia.
Tillagt Jesus
Kjelde:Det nye testamentet (heilag bok)
Lukasevangeliet
Opphavleg mål: Nynorsk
fedrar tilgjeving ukunne krossfestinga av Jesus |
Jesus Gud Jesu sju ord på krossen |
«Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» (Tillagt Jesus)
Sagt om Jesus
endreI Nytestamentet
endreKjelde:Lukas-evangeliet (heilag bok)
Det nye testamentet
Opphavleg mål: Nynorsk
År: 1978
Kontekst: Frå nynorskomsetjinga av nytestamentet frå 1978
englar jul Jesus Kristus krybber |
Juleevangeliet |
«Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei; «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn. De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Evangelisten Lukas
Seinare
endreOpphavleg tekst:
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1966
Kontekst: Dette var ei av dei mest omtala utsegnene til John Lennon, og opprørte folk over heile verda. Ho var del av eit intervju av Maureen Cleave i den engelske avisa Evening Standard, trykt den 4. mars 1966. Den korte versjonen av sitatet, teke ut av kontekst og ofte feilsitert som at «Beatles er større enn Jesus», førte til protestar i det USA-amerikanske Bibelbeltet. Beatles-plater blei brunne på bål og Ku Klux Klan spikra album til ein kross og brann dokker av bandmedlemmene. Beatles meinte dette ikkje var så mykje å ta på veg for, ettersom folk først måtte kjøpa album for å brenna dei.
Lennon ba seinare om orsaking for utsegna, på ein pressekonferanse i Chicaco den 11. august 1966. Orsakinga blei godteken av Vatikanet.
- «I suppose if I had said television was more popular than Jesus, I would have gotten away with it. I'm sorry I opened my mouth. I'm not anti-God, anti-Christ, or anti-religion. I wasn't knocking it or putting it down. I was just saying it as a fact and it's true more for England than here. I'm not saying that we're better or greater, or comparing us with Jesus Christ as a person or God as a thing or whatever it is. I just said what I said and it was wrong. Or it was taken wrong. And now it's all this.»
Jesus The Beatles rock popularitet kristendom |
«Me er meir populære enn Jesus no.» John Lennon