Forderving
«Eg ser på tedrikking som noko som øydelegg helsa, svekker kroppen, dyrker latskap og umannlegdom, forderver ungdom og forringer alderdom.» William Cobbett
Kjelde:Cottage Economy (bok)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1821
te helse forderving latskap drikking |
Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org
kaffi drikking forderving forkrøpling impotens |
manglar endring |
«Den overdrivne bruken av den moderne, vederstyggelege, heidenske drikken kalla KAFFI, som ved å naska til seg dei beste skattar frå naturen, og tørka opp rotfukta, har gjort evnukkar av mennene våre, og forkrøpla beilarane våre, slik at dei er så impotente som gamlingar, og så ufruktbare som dei ørkenane dette ulukksalige bæret skal ha kome frå.» (Tillagt kvinner frå London)
Opphavleg tekst:
Omsett: Makta plar å forderva, og fullstendig makt forderver fullstendig. Store menn er nesten alltid dårlege menn, sjølv når dei nytter innverknad og ikkje mynde: endå meir når du legg til tendensen eller vissheiten om forderving av autoritet.
Kjelde:Brev frå Lord Acton til Mandell Creighton
Opphavleg mål: Engelsk
Kontekst: Skrive 5. april 1887, publisert i Historical Essays and Studies (1907).
Variant: «Makt korrumperer. Total makt korrumperer totalt». «Makt og maktmisbruk», aftenposten.no
Sitatet er utbreidd på norsk i forma «Makt korrumperer» (ofte i denne kortversjonen, men også i den lengre versjonen gjeven her). Døme er «Hva er autoritet?» ved fagerhus.no og «Maktfordelingsprinsippet» ved statvoks.no (med feil opphav).
makt forderving korrupsjon |
«Makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt.» (brev frå Lord Acton til Mandell Creighton)