Kaffi
Kaffi er ein drikk laga av brende og malne bønner frå kaffiplanten.
- Alle sitat om kaffi
- Kaffi på Nynorsk Wikipedia.
«Er det tid og vêr til det, blir det alltid ein kaffi.» Edvald Boasson Hagen
Skildringar
endreTillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org
kaffi vanvit drikking øl menn |
endring smak sløsing |
«Visst er ganane til våre landsmenn blitt like vanvittige som hjernane deira. Koss er det elles mogleg at dei har blitt kjettarar mot den gode gamle primitive øldrikkinga, og heller hora rundt etter slik ei blanding av øydeleggjande utanlandske drikkar, å fordriva tida, skålda munnane og sløsa bort pengane sine, berre for litt forderveleg, svart, tjukt, fælt, bittert, stinkande og kvalmande sølevatn.» (Tillagt kvinner frå London)
Verknader
endreKjelde:Barselsstuen (skodespel)
Opphavleg mål: Dansk
År: 1723
Kontekst: Sagt av rollefiguren Corfitz.
kaffi oppfinningar Djevelen brennevin |
«Eg trur ingen andre er opphav til denne kaffidrikken enn Lucifer, for han er verre å hanskast med enn brennevin.» Ludvig Holberg
Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org
kaffi drikking forderving forkrøpling impotens |
manglar endring |
«Den overdrivne bruken av den moderne, vederstyggelege, heidenske drikken kalla KAFFI, som ved å naska til seg dei beste skattar frå naturen, og tørka opp rotfukta, har gjort evnukkar av mennene våre, og forkrøpla beilarane våre, slik at dei er så impotente som gamlingar, og så ufruktbare som dei ørkenane dette ulukksalige bæret skal ha kome frå.» (Tillagt kvinner frå London)
Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org
kaffi trolldom impotens ungdom |
«Den stadige belminga av denne grufulle drikken er nok til å forheksa tjuetoårgamle menn, og knyta fast skamkapselen utan ein trylleformel.» (Tillagt kvinner frå London)
Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org
kaffi drikking snakking sladder froskar |
menn kvinner |
«I tillegg har me grunn til å frykta og misunna menn, som ved å dra til desse helvetes drikkehola kanskje vil ta over vår hevd på sladder, og snart vil læra å overgå oss i snakksamheit - ein eigenskap vårt kjønn alltid før har vore eineståande i - for her, som froskar i ein pytt, drikk dei sølevatn og mumlar fram uviktige notar.» (Tillagt kvinner frå London)
Tillagt Paul Erdős
My Brain Is Open (bok)
Opphavleg mål: Engelsk, ungarsk
Kontekst: Sitatet blir ofte tillagt Paul Erdős, som siterte Alfréd Rényi.
(Bruce Schechter, My Brain Is Open: The Mathematical Journeys of Paul Erdős, 1998, New York: Simon & Schuster, ISBN 0684846357)
matematikk kaffi kreativitet teorem vitskap |
matematikarar |
«Ein matematikar er ei innretning som gjer kaffi om til teorem.» (Tillagt Paul Erdős) Alfréd Rényi
Kaffitilbehøyr
endreKjelde:Svingstol (bok)
Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger (tekst)
År: 1967
Kontekst: Teksten ”Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger” [...] på om lag to sider summerer Profil-gruppa sin poetikk opp på ein enkel og grei måte. forfattar.net
kaffi ting dikting endring aluminium |
«Vi vil ikkje gi kaffikjelen venger. Vi vil ikkje forandre tinga våre til fuglar og blomar. Vi vil la kaffikjelen vere kaffikjelen og sjå han stå på frukostbordet, blank av aluminium og fylt med rykande kaffi.» Dag Solstad