Froskar

amfibieslekt

Froskar er halelause amfibium som er noko slanke og langlemma.



Froskar

Sitat

endre

Opphavleg tekst:


«古池
蛙飛び込む
水の音»


Transliterasjon: furuike ya
kawazu tobikomu
mizu no oto

Informasjon
Opphav: Matsuo Basho

Kjelde:«Den gamle dammen» (dikt)
År: 1686
Periode: Edotida
Kontekst: Denne haikuen blei dikta tidleg i 1686, og blei snart vidkjend.

Omsetjinga er gjort av Ranveig Thattai og følger haikustavingane (5-7-5 på dei tre linjene), men er svært lik den gjort av Paal-Helge Haugen [1]. Ho tek også utgangspunkt i ulike engelske omsetjingar av diktet

Stikkord
dammar
stille
vatn
froskar
haiku

Den gamle dammen
ein frosk som hoppar oppi
lyden av vatnet

 
Basho måla av Kinkoku rundt 1820, omgjeve av diktet om frosken.


 

Den gamle dammen
ein frosk som hoppar oppi
lyden av vatnet

  Matsuo Basho



Teke frå Wikisource
Opphavleg tekst:
«besides, we have reason to apprehend and grow Jealous, That Men by frequenting these Stygian Tap-houses will usurp on our Prerogative of tattling, and soon learn to exceed us in Talkativeness: a Quality wherein our Sex has ever Claimed preheminence: For here like so many Frogs in a puddle, they sup muddy water, and murmur insignificant notes»

Informasjon

Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org

Stikkord
kaffi
drikking
snakking
sladder
froskar
menn
kvinner
«I tillegg har me grunn til å frykta og misunna menn, som ved å dra til desse helvetes drikkehola kanskje vil ta over vår hevd på sladder, og snart vil læra å overgå oss i snakksamheit - ein eigenskap vårt kjønn alltid før har vore eineståande i - for her, som froskar i ein pytt, drikk dei sølevatn og mumlar fram uviktige notar.»
 
Interior of a London Coffee-house. Måleri frå 1600-talet.


 

«I tillegg har me grunn til å frykta og misunna menn, som ved å dra til desse helvetes drikkehola kanskje vil ta over vår hevd på sladder, og snart vil læra å overgå oss i snakksamheit - ein eigenskap vårt kjønn alltid før har vore eineståande i - for her, som froskar i ein pytt, drikk dei sølevatn og mumlar fram uviktige notar.» (Tillagt kvinner frå London)