Fuglar er varmblodige, eggleggjande, tobeinte virveldyr med karakteristiske fjør, venger og nebb.


Teke frå Halldis Moren Vesaas på Nynorsk Wikipedia

Informasjon
Opphav: Halldis Moren Vesaas

Kjelde:«Einsamflygar» (dikt)
År: 1957

Stikkord
einsemd
latter
fuglar
vind
hjelpeløyse

Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre...

Måleri av Matsumura Goshun, ca. 1800


Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre...

  Halldis Moren Vesaas



Teke frå Johnny Thiedecke, For folket – Oplysning, magt og vanvid i Struensee-tidens Danmark, Pantheon, 2004, side 86.
Opphavleg tekst:
«En fugl, som fra begyndelsen har været spærret inde i et bur, bliver forvirret og forvilder sig, når døren pludselig åbner sig for den, og det ville ligeledes være til største skade for staten at forholde sig på den måde til bønderne.»

Informasjon
Opphav: Generallandvæsenskommissionen
Opphavleg mål: Dansk

År: 1771
Kontekst: Generallandvæsenskommissionen under leiing av Georg Christian Oeder la 1. august 1771 la fram sine synspunkt om avskaffing av stavnsbandet etter oppfordring frå Struensee.

Stikkord
fuglar
bur
fangenskap
fridom
forvirring
bønder
dansk historie
landboreformene
«Ein fugl som har vore sperra inne i eit bur frå byrjinga, blir forvirra og forvillar seg når døra plutseleg opner seg for han. Likt ville det vore til største skade for staten å forhalda seg på denne måten mot bøndene.»


«Ein fugl som har vore sperra inne i eit bur frå byrjinga, blir forvirra og forvillar seg når døra plutseleg opner seg for han. Likt ville det vore til største skade for staten å forhalda seg på denne måten mot bøndene.»   Generallandvæsenskommissionen



Teke frå Sajni Mukherji: «Memories of a Mohajir». Melding av ' Shame i Social Scientist, Vol. 12, No. 9, (Sep., 1984), pp. 70-75.
Opphavleg tekst:
«I, too, know something of this immigrant business. I am an emigrant from one country (India) and a newcomer in two (England, where I live, and Pakistan, to which my family moved against my will). And I have a theory that the resentments we Mohajirs engender have something to do with our conquest of gravity. We have performed the act of which all men anciently dream, the thing for which they envy the birds, that is to say, we have flown.»

Informasjon
Opphav: Salman Rushdie

Kjelde:Shame (roman)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 2008

Stikkord
vandring
innvandrarar
fuglar
flyging
sjalusi
innvandring
utvandring
draumar
England
Pakistan
«Me har gjort det som menneskja har drøymd om frå gamalt av, det dei misunner fuglane, det vil seia, me har floge.»
'Det flygande teppet' av Viktor Vasnetsov.


«Me har gjort det som menneskja har drøymd om frå gamalt av, det dei misunner fuglane, det vil seia, me har floge.»   Salman Rushdie



Teke frå Grímnismál ved cybersamurai.net. Kjelde til omsetjinga: heimskringla.no
Opphavleg tekst:

«Huginn ok Muninn
fljúga hverjan dag
Jörmungrund yfir;
óumk ek of Hugin
at hann aftr né komit,
þó sjámk meir um Munin.»


Informasjon
Opphav: Ivar Mortensson-Egnund

Grimnismál (diktsamling)

Stikkord
Hugin og Munin
fuglar
ramnar
flyging
redsle

Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yver verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endå meir eg ottast for Munin.

Odin med dyra sine, teikna av Lorenz Frølich.


Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yver verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endå meir eg ottast for Munin.

  Ivar Mortensson-Egnund



«Det er ikkje ramn alt som har svarte fjør.»
Svart svane. (Foto: Jenni Ahonen)


«Det er ikkje ramn alt som har svarte fjør.» Norsk ordtak - Ivar Aasen


Teke frå Wikikilden

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:«Kor hev det seg?» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
År: 1895

Stikkord
einsemd
vindauge
fuglar
bur
sorg
lengt
kjærleik

I Glaskarmen heng eg og stirer stur;
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang.
Jau no hev eg lært at Dagen er lang.

St Agnes' Eve av Elizabeth Siddal.


I Glaskarmen heng eg og stirer stur;
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang.
Jau no hev eg lært at Dagen er lang.

  Arne Garborg



Teke frå Wikikilden

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:«Fuglar» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
År: 1895
Kontekst: Heluna er eit anna namn for heilo.

Stikkord
heilo
fuglar
fuglesong
glede
sorg
gråt
hjarte

Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa vert eg i Hjarta varm.

Men Heluna, vene brune Fuglen,
som stig meg so stilt imot, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.

Heilo


Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa vert eg i Hjarta varm.

Men Heluna, vene brune Fuglen,
som stig meg so stilt imot, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.

  Arne Garborg