Jord
Jord kan visa til laust stoff på jordoverflaten ein kan dyrka plantar i eller eit dyrkingsområde.
Kjelde:Autobiographies (bok)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1955
heimlengt kjennskap jord Sligo hender |
Irland |
«Eg lengta etter ein bit jord frå ein kjend åker, noko frå Sligo eg kunne halda i handa mi.» William Butler Yeats
Kjelde:Brev frå Franklin D. Roosevelt til alle delstatsguvernørar
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1937
Kontekst: Letter to all State Governors on a Uniform Soil Conservation Law (26 February 1937)
jord nasjonar øydelegging |
«Ein nasjon som øydelegg jordsmonnet sitt øydelegg seg sjølv.» (brev frå Franklin D. Roosevelt til alle delstatsguvernørar)
Kjelde:A Land of Plenty (Australia) (bok)
Opphavleg mål: Engelsk
jord grøde landbruk arbeid avlingar |
kitling latter Australia |
«Jorda er her så gjevmild at du berre kan kitla henne med ei hakke, så ler ho med ei avling.» Douglas Jerrold
Kjelde:Bibelen (heilag bok)
Jesajas bok
Studentmållagsbibelen
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1921
Kontekst: Jesajas bok 28:2 i Studentmållagsbibelen, ei omsetjing frå 1921.
bygg korn såing spelt åkrar |
landbruk |
«Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då dylla og karve og sår kveite i rader og bygg på den avmerkte staden og spelt i kanten?»
Tillagt far til Austlid
Kjelde:Salt fraa folkehøgskulen (bok)
Kontekst: Andreas Austlid fortel frå ein samtale med faren der dei var usamde om kva som var vakkert. Han såg venleik i den ville naturen, faren såg det i den dyrka jorda. Med åra tok Austlid til seg faren sitt syn.
venleik åkrar grøde bustader norsk landskap |
bygg erter rug |
«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.» (Tillagt far til Austlid) Andreas Austlid
Opphavleg tekst:
Kjelde:Fred (roman)
Opphavleg mål: Landsmål
Jæren bustader grender steingardar hus |
norsk landskap åkrar |
«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.» Arne Garborg